Sherpatrapper - Revavatnet

Fellestur

Dato
22. juni kl. 09:00 - 17:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne, Barn, Ungdom
Arrangør
Odda/Ullensvang Turlag
Turområde
Folgefonna (se kart)

Turen til Revavatnet byrjar på Reidseter (336), der går me opp dei nybygde trappane opp til Revavatnet (1167) som følgjer den gamle stien. Mat for turen/dagen må du ha med. Om det er varmt i været er det forfriskande med eit bad i Revavatnet. Me går så same veg ned igjen til Reidseter.

Oppmøte på Parkeringsplassen på Reidseter kl 0900

Pris: kr 100 for medlem og kr 200 for ikkje medlem. Ver snill å betale til kontonr 3658 30 85852 ved påmelding, slik at turleiar ikkje vert belasta med ekstra arbeid. Merk innbetalinga med "DNT Tur og dato".

Påmelding: Av tryggleiksgrunnar ynskjer me at de melder dykk via nett. Trykk på knappen "Meld deg på" og følg vidare instruks. Dersom du av ulike årsaker ikkje har moglegheiten til dette, kan du ta kontakt med turleiar eller sende ein e-post til odda-ullensvang.turlag@dnt.no

Utstyrsliste for sommarfjellet finn du her http://www.bergenoghordalandturlag.no/utstyrsliste-sommerfjellet/

For spørsmål om turen kontakt turleiar Gro Elin Svåsand tel: 48225736

Me tek atterhald om ver og føreforhald. Turen kan verta avlyst på kort varsel. Er du ikkje medlem, kan du melde deg inn her https://www.bergenoghordalandturlag.no/medlem/

 

Sherpatrapper - Revavatnet

Turen til Revavatnet byrjar på Reidseter (336), der går me opp dei nybygde trappane opp til Revavatnet (1167) som følgjer den gamle stien. Mat for turen/dagen må du ha med. ...

Kontaktinformasjon: