Haustturen på Hardangervidda

Fellestur

Fra dato
1. august kl. 12:00
Til dato
4. august kl. 17:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne
Arrangører
Odda/Ullensvang Turlag, Bergen og Hordaland Turlag

Haustturen over Hardangervidda, torsdag 1.8 - sundag 4.8 august, går i år frå Tinnhølen til Valldalen med overnatting på Sandhaug, Besso og Litlos. Ein nydeleg tur i lett terreng. Alle hyttene har fantastisk vertskap som syter for godt stell, god mat og drikke.  

Transport: Det vert felles transport med buss frå Odda torsdag 1 august kl 1200 - til Tinnhølen. Det vil verta høve for påstigning mellom Odda og Eidfjord. Frå Valldalen blir vi henta i bussar med retur til Odda.

Torsdag: Turen går frå Tinnhølen i flatt og lett terreng. Me reknar med å bruka rundt 4 timar til storstova til DNT på Hardangervidda - Sandhaug. Her får me servert tre rettars middag og kosar oss utover kvelden. http://www.ut.no/hytte/3.1757/

Fredag: EIn kort tur til den privateigde hytta Besso. Vi tar sikte på ein topptur til nærliggande topp denne dagen.

Lørdag: Me et frokost og smører oss niste før me set kursen for Litlos Turisthytte (DNT). Fyrste del av etappen har ein del stigning, men deretter er det relativt flatt og lett. Strekkja er oppgitt til 6 timar. Ei gruppe brukar som regel noko meir, så med pausar reknar me 7-8 timar. På ny får me servert god middag og kosar oss utover kvelden. http://www.ut.no/hytte/3.1972/

Søndag: Me et frukost før vi tar til på den siste etappen Valldalen der vi blir hente i buss for retur til Odda. Dersom det er stemning for det et med eit godt måltid på Røldalsterrassen.

 

 

Pris: 3400 kr vaksen medlem/4000kr vaksen ikkje medlem. Dette inkluderer overnatting på Sandhaug, Besso og Litlos . Middag og frukost m/niste på hyttene samt turavgift. Faktura vert sendt ut i ettertid.

NB! Transport kjem i tillegg. Transportkostnader vert fordelt på antall påmeldte.

Deltakarane må ha med pengar til drikke og evnt. andre ting ein ynskjer kjøpa, og evnt. middag i Røldal

Anna info: Det vil verta sendt ut eit eige informasjonsskriv til dei som har meldt seg på. Alle må ta med Lakenpose/sovepose og handduk om ein vil dusje.

Utstyrsliste for sommarfjellet finn du her http://www.bergenoghordalandturlag.no/utstyrsliste-sommerfjellet/

Påmelding:Av tryggleiksgrunnar ynskjer me at de melder dykk via nett. Trykk på knappen "Meld deg på" og følg vidare instruks. Dersom du av ulike årsaker ikkje har moglegheiten til dette, kan du ta kontakt med turleiar.

Turleiarar: Kåre Frøystein tlf.48253524

Me tek atterhald om ver- og vermeldingar. Turen kan verta avlyst på kort varsel. Er du ikkje medlem, kan du melda deg inn her http://www.bergenoghordalandturlag.no/medlem

 

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Kåre Frøystein