Sopptur til Svartetjønn og Rogdatjønn

Fellestur

Dato
22. september kl. 10:00
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer spesielt for
Voksne, Barn, Ungdom, Seniorer
Arrangører
Odda/Ullensvang Turlag, Bergen og Hordaland Turlag

Turen til Rogdatjønn byrjar på Rogdaberg. Der får alle utdelt eit soppnett og eit ark med etelege soppar. Vi går langs tursti gjennom planta furuskog til Svartetjønn (285 moh). Der lagar vi stuing av soppen vi har plukka og et nista. Turleiar har med stormkjøkken. Turen går vidare Rogdatjønn (280 moh). Det er moglegheit for bading om været tillet det. Vi følgjer så sti ned igjen til Rogdaberg.

Pris: kr 100 for medlem og kr 200 for ikkje medlem. Ver snill å betale til kontonr 3658 30 85852 ved påmelding, slik at turleiar ikkje vert belasta med ekstra arbeid. Merk innbetalinga med "DNT Tur og dato".

Påmelding: Av tryggleiksgrunnar ynskjer me at de melder dykk via nett. Trykk på knappen "Meld deg på" og følg vidare instruks. Dersom du av ulike årsaker ikkje har moglegheiten til dette, kan du ta kontakt med turleiar eller sende ein e-post til odda-ullensvang.turlag@dnt.no

Utstyrsliste for sommarfjellet finn du her http://www.bergenoghordalandturlag.no/utstyrsliste-sommerfjellet/

For spørsmål om turen kontakt turleiar Sindre Taxt Måge, tel. 99466959

Me tek atterhald om ver og føreforhald. Turen kan verta avlyst på kort varsel. Er du ikkje medlem, kan du melde deg inn her https://www.bergenoghordalandturlag.no/medlem/

 

Sopptur til Svartetjønn og Rogdatjønn

Turen til Rogdatjønn byrjar på Rogdaberg. Der får alle utdelt eit soppnett og eit ark med etelege soppar. Vi går langs tursti gjennom planta furuskog til Svartetjønn (285 moh). Der ...

Kontaktinformasjon:

  • Sindre Måge