Buførevegen

Fellestur

Dato
29. august kl. 08:00 - 19:00
Vanskelighetsgrad
Ekstra krevende  
Passer spesielt for
Voksne
Turtyper
Fellestur, Fottur, Kulturhistorie, Buførevegen
Arrangører
Kvinnherad Turlag, Bergen og Hordaland Turlag , Fellestur , Odda/Ullensvang Turlag
Turområde
Folgefonna (se kart)
Dette arrangementet er over!

TUR LANGS BUFØREVEGEN REISETE - BOTSVATN, 29. AUGUST

Dette er eit fellesarrangement mellom Odda/Ullensvang Turlag og Kvinnherad Turlag. (Reservedato er dagen etter, 30. august. Dei påmelde vert varsla om kvelden den 28. august dersom turen må flyttast eller avlysast.) Vi vil ikkje gjennomføra turen viss veret er dårleg.

Turen startar på Reisete i Vikebygd (Nå/Bleie) om lag 300 moh. og endar på stølen Botsvatn i Krossdalen ved Jondal. Vi går såleis frå aust mot vest. Dette var vår-retningen for dei som i tidlegare tider førte buskapen mellom stølsbeitet ved Jondal og heimegardane Kambastad og Måkastad ved Sørfjorden.

Sidan 2012 har det vore arbeidd med istandsetjing av det gamle kulturminnet som Buførevegen representerer. Etter initiativ frå Buførevegens vener i Vikebygdkrinsen og folk frå Jondal har vegen vorte merkt og skilta, og sherpaer frå Nepal har steinsett lange parti av vegen i liene på aust- og vestsida av fjellet. På høgfjellet  har dei bygd ei rekkje høge retningsvardar. Det vert rikeleg med tid undervegs på turen til å studera det flotte arbeidet desse fjellfolka har utført. 

SJØLVE TUREN tek 9 timar, og stien går opp i 1400 meters høgd. Frå Reisete fører først ei lang oppstiging til Eggje, ca. 1100 moh. før terrenget flatar ut. Oppover lia høver det med fleire stopp, ikkje berre for å kvila, men også for å nyta utsikta over Sørfjorden, omkransa av  grender og gardar. 

Dei neste 300 høgdemetrane til toppunktet inne på høgfjellet, Klokkarane, er slakkare og gjev flott utsyn mot nordenden av Folgefonna og fjella mot nord og vest. Her skil Buførevegen lag med Pilegrimsvegen som tek ei litt anna retning. I dette området går ein etter ei stund på snaufjell eller på lange snøfenner. Frå toppvarden hallar lendet roleg nedover att, men ein må før den endelege nedstiginga passera ei lita høgd for å runda foten av  fjelltoppen Jonstein. Nedturen til målet, stølen Botsvatn på 660 moh., er ikkje av dei brattaste.

På bakgrunn av lengda på turen og nokså mange høgdemeter som må forserast, må turen  graderast som ekstra krevjande etter dei vanlegaste graderingskriteria. Vi minner om dette, men vil ikkje skremma folk bort frå å vera med på turen, for vi går i eit område med natur og utsyner som kan ta pusten frå ein. Er vi heldige med veret, kan det verta ein makstur, men forholda i fjellet kan skifta fort. Ein må i alle tilfelle gå med  gode fjellsko, ha med varme og vindtette klede, lue og vottar i sekken, og regnklede. Nokre vandrarar set  pris på gode stavar i brattlende og på snø.

Påmelding til turen på nettsidene til eitt av dei to turlaga. Annonser i lokalavisene før turen.

NB! Alle påmelde får dagen før turen skal gå, varsel på sms om turen kan arrangerast - også om ev. flytting til søndagen.

Betaling og transport.

Inga turavgift for medlemmer, men kr.150,- for ikkje-medlemmer. Det vert sett opp buss frå Austrepollen med avgang kl. 0800 via Odda (Eitrheim/Boliden) kl. 0815 til Reisete og retur frå Botsvatn kl. 1900 til Odda. Betaling for buss: kr. 250,-

Innbetaling dagen før turen av busspengar (kr250,-) og ev. turavgift (kr 150,-)

til Vipps #119219 eller til kontonr.   3460.07.61163 (Då veit vi om turen kan arrangerast av veromsyn.) Det gjeld elles spesielle korona-tiltak både for bussreisa og sjølve fotturen

 

Turleiarar: Kåre Frøystein, 482 53 524 og Eva Grete Rafdal, 959 56 219 frå Odda/Ullensvang

Turlag;  Anne Kari Enes, 951 96 467 og Hermund Fenne, 917 03 488 frå Kvinnherad Turlag

 

Spørsmål om turen til Anne Kari Enes 951 96 467 eller Hermund Fenne 91703488

 

Buførevegen

TUR LANGS BUFØREVEGEN REISETE - BOTSVATN, 29. AUGUST Dette er eit fellesarrangement mellom Odda/Ullensvang Turlag og Kvinnherad Turlag. (Reservedato er dagen etter, 30. august. Dei påmelde vert varsla om kvelden ...

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Hermund Fenne
  • Anne Kari Walborg Enes
  • Kåre Frøystein