Topptur på ski til Ulvanosi 1248 moh

Fellestur

Dato
18. mars kl. 08:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne
Arrangører
Odda/Ullensvang Turlag, Bergen og Hordaland Turlag
Dette arrangementet er over!

 

Meld deg på og bli med på denne flotte toppturen på ski til Ulvanosi 1248 moh. Ulvanosi er ikkje det høgste fjellet i Kvinnherad, men kanskje det mest spektakulære med sine bratte stup og sva ned mot Uskedalen. Turen er relativt bratt med ca 1100 m stigning.

Det kan hende vi må bære skia det fyrste stykket, men det er det vel verdt. Det er jamn stigning heile vegen til toppen. Der er det storslått utsyn til Etne- og Kvinnheradfjella, Folgefonna, Hardangerfjorden og fjellområda mot Bergen.

Har vi været med oss og snøforholda er gode vert dette ein skikkeleg draum med ei skikkeleg super nedkøyring etter slitet til toppen.

Privatbilar frå Odda kl. 08.00  til Utåker og startpunkt Ternebu i Tveitedalen.

Dersom du har spørsmål til turen kan du kontakte ein av turleiarane Aleksander Apold tlf: 48273515 eller Martin Brekke tlf: 97068455.  Alle deltakarane vil få tilsendt utstyrrliste på mail i forkant av turen.

Pris: kr 100 for medlem og kr 200 for ikkje medlem. Ver snill å betale til kontonr 3658 30 85852 ved påmelding, slik at turleiar ikkje vert belasta med ekstra arbeid. Merk innbetalinga med "DNT Tur og dato".

Påmelding: Av tryggleiksgrunnar ynskjer vi at de melder dykk via nett. Trykk på knappen "Meld deg på" og følg vidare instruks. Dersom du av ulike årsaker ikkje har moglegheiten til dette, kan du ta kontakt med turleiar eller sende ein e-post til odda-ullensvang.turlag@dnt.no

Me tek atterhald om ver og føreforhald. Turen kan verta avlyst på kort varsel. Er du ikkje medlem, kan du melde deg inn her https://www.bergenoghordalandturlag.no/medlem/

Vi gler oss til å sjå deg.

 

 

 

 

 

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Aleksander Reinsnos Apold
  • Martin S Brekke