Topptur til Oksen på ski

Fellestur

Dato
18. februar kl. 08:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne
Arrangør
Odda/Ullensvang Turlag
Dette arrangementet er over!

Topptur på ski til Oksen 1241 moh. Du kan oppleve ei spektakulær utsikt over Hardangerfjorden, Sørfjorden, Granvinsfjorden og Eidfjorden samt ei fantastisk nedkøyring. Ein opplevelse for livet.

Me samkøyrer transport frå Odda til Tjoflot.Me går vidare derfrå på ski eller med skia i sekken til Vindhovden, der det vert eit ganske bratt parti mellom ca 400 og 600 moh. Vidare vert det jamn stigning til ca 900 moh før det vert eit nytt bratt parti opp til 1100 moh. Det vert ei forsiktig stigning siste biten opp til topps. Fantastisk utsikt heile vegen opp, og med knallver vert dette ein garantert suksess. Ein kan sjå store deler av Hardanger og områda rundt, Hardangervidda, Folgefonna og Vossafjella. Fin nedkøyring til bilen. Ta med rikelig med mat og drikke. Det er ikkje mogleg å etterfyle vatnflaska. Du kan bruke fjellski eller Randoneski, dette vel du sjølv. Sikkerheita må komma fyrst og du må ha med skredsøkjar, søkjestong og spade i tillegg til vanleg turutstyr. Me kan vere behjelpelig med noko utstyr, om du manglar. 

Utstyrsliste for tur i vinterfjellet finn du her:

https://www.bergenoghordalandturlag.no/ustyrsliste-vinterfjellet/

Pris: kr 100 for medlem og kr 200 for ikkje medlem. Transport kjem i tillegg. Dei som sit på betalar til sjåføren. Dei som sit på betalar til sjåføren. Ver snill å betale til kontonr 3658 30 85852 ved påmelding, slik at turleiar ikkje vert belasta med ekstra arbeid. Merk innbetalinga med "DNT Tur og dato".

Påmelding: Av tryggleiksgrunnar ynskjer me at de melder dykk via nett. Trykk på knappen "Meld deg på" og følg vidare instruks. Dersom du av ulike årsaker ikkje har moglegheiten til dette, kan du ta kontakt med turleiar eller send e-post til odda-ullensvang.turlag@dnt.no

For spørsmål om turen kontakt turleiar Martin Brekke tlf: 97068455 eller Aleksander Apold tlf: 48273515

Me tek atterhald om ver og føreforhald. Turen kan verta avlyst på kort varsel. Er du ikkje medlem, kan du melde deg inn her https://www.bergenoghordalandturlag.no/medlem/

Kontaktinformasjon: