Sherpatrapper - Revavatnet - Vetlenuten/Verafjell

Fellestur

Dato
10. juni kl. 09:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne, Ungdom
Arrangører
Odda/Ullensvang Turlag, Bergen og Hordaland Turlag
Turområde
Folgefonna (se kart)
Dette arrangementet er over!

Turen til Vetlenuten/Verafjell byrjar på Reidseter (336), der går me opp dei nybygde trappane opp til Revavatnet (1167) som følgjer den gamle stien. Mat for turen/dagen må du ha med. På grunn av tørken blir det ikkje nokon grilling diverre. Deretter går turen vidare til nuten Vetlenuten/Verafjell (1352/1452). Me går så same veg ned igjen til Reidseter.

Oppmøte på Parkeringsplassen på Reidseter kl 0900

Pris: kr 100 for medlem og kr 200 for ikkje medlem. Ver snill å betale til kontonr 3658 30 85852 ved påmelding, slik at turleiar ikkje vert belasta med ekstra arbeid. Merk innbetalinga med "DNT Tur og dato".

Påmelding: Av tryggleiksgrunnar ynskjer me at de melder dykk via nett. Trykk på knappen "Meld deg på" og følg vidare instruks. Dersom du av ulike årsaker ikkje har moglegheiten til dette, kan du ta kontakt med turleiar eller sende ein e-post til odda-ullensvang.turlag@dnt.no

For spørsmål om turen kontakt turleiar Sindre Måge tlf: 99466959

Me tek atterhald om ver og føreforhald. Turen kan verta avlyst på kort varsel. Er du ikkje medlem, kan du melde deg inn her https://www.bergenoghordalandturlag.no/medlem/

 

Sherpatrapper - Revavatnet - Vetlenuten/Verafjell

Turen til Vetlenuten/Verafjell byrjar på Reidseter (336), der går me opp dei nybygde trappane opp til Revavatnet (1167) som følgjer den gamle stien. Mat for turen/dagen må du ha med. ...

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Sindre J. Taxt Måge