AKTIVITETSTIPS

Turbingo er fin aktivitet undervegs på tur. Teikn ulike ting barna skal leite etter, ta med blyant, og dra ut på jakt.
Last ned turbingo her.

Refleksløype med dyrebilder er fin aktivitet på kveldsmattur. Heng opp bilder av ulike dyr (gjerne laminerte), og la ungane lyse etter refleksar med lommelykt/hodelykt, og sjå kor mange dyr dei finn.

Arranger spikkekurs og del ut spikkesertifikat på tur.
Bløtkakeorientering er ein aktivitet som går ut på å leite etter bløtkakeingrediensar ved hjelp av ulike kompasskursar. Les meir
her.
Heng opp ting som ikkje høyrer heime i naturen (f.eks. ein kleshengar, ein smokk, ein vott, ein kopp), og be ungane sjå etter dei langs stien, og ramse det opp til turleiar når dei er framme.
- balanser på ein stokk/slakk line
- finn like mange konglar som alderen din
- finn ein rund stein, ein flat stein og eit blad med hol i
- kast på blink
Utfordringar med premie er stas. Vi har kjøpt silkeband (på rull) i ulike fargar på Søstrene Grene, og har gitt ungane armbånd som belønning for ulike aktivitetar.