Nytt turlag på vestsida

Lene Vie Nordeide og Agnethe Jåstad Raaen er turleiarar i Barnas Turlag Ullensvang Vest
Lene Vie Nordeide og Agnethe Jåstad Raaen er turleiarar i Barnas Turlag Ullensvang Vest Foto: Jan Arne Terjesen

I mars vart det skipa eit nytt turlag på vestsida av Sørfjorden. Onsdag 7. april arrangerte Barnas Turlag Ullensvang Vest sin første kveldsmattur. Turen gjekk til museumstunet på Utne.

Det var 62 små og store som tok turen til museumstunet denne regnvêrsettermiddagen. Turen gjekk frå kaia på Utne. Lene Vie Nordeide og Agnethe Jåstad Raaen var turleiarar. Vel framme vart det arrangert turbingo. Nokre barn prøvde å gå på stylter, andre klatra i tre og sprang rundt mellom husa på tunet. Kveldsmaten åt vi i Tveismestova, der det var tent bål. 

Barnas Turlag sin maskot, Turbo Fjellrev dukka også opp. Han delte ut klemmar, turkoppar og flunkande nye turpass til alle barna. Turpassa inneheld ulike oppgåver og utfordringar ein kan gjere på tur. Etter oppgåvene er løyste, kan barna ta med passet på tur med Barnas Turlag, og få eit stempel av turleiarane. Ein kan også loggføre turlagsturar i passet. Når barnet har vore med på fem turar, får det ein premie frå Turbo.

Det var ikkje ein ekta rev. Trur eg. Han hadde i alle fall sko. Skeptisk turdeltakar (4)

Barnas Turlag Ullensvang Vest er ei turlagsgruppe under Odda/Ullensvang Turlag. Distriktet vårt er langstrakt, og vi har lenge sett behov for fleire turgrupper. I oktober vart Barnas Turlag Ullensvang Aust starta, og vi er svært glade for at vi no har eit turtilbod for barn på begge sider av Sørfjorden. 

I tillegg til Lene og Agnethe, er Grete Hamre turleiar i Barnas Turlag Ullensvang Vest. Turgruppa på vestsida ser for seg å arrangere både kveldsmatturar og søndagsturar. Kveldsmatturar er forholdsvis korte ettermiddagsturar der målet er å kome seg ut på tur med andre, og ta middagen eller kveldsmaten ute. Søndagsturane kan vere litt lengre, men turgruppa vil legge vekt på at det skal vere låg terskel for å bli med på turane. Turane er gratis, og opne for alle.

Neste tur på vestsida går til Grisaholo på Aga, torsdag 7. mai kl. 17. Hjarteleg velkommen ut på tur!

Det er ikkje krav om medlemskap i Turistforeningen for å vere med på turane til Odda/Ullensvang Turlag, men ved å vere medlem støttar du frivillig arbeid i lokallaga. Barn som er medlem i DNT overnattar også gratis på sjølvbetjente turisthytter, og får ulike medlemsrabattar. Barnemedlemskap er for barn mellom 0 og 12 år, og kostar 120,- i året.