Kart og kompasskveld i Kinsarvik

Mandag 20. april arrangerte Barnas Turlag Ullensvang Aust kart og kompasskveld i Huseskogen i Kinsarvik.
Foto: Sigrid Flatland

Det var 20 spente born frå 2. klasse og oppover som hadde gleda seg til og lære meir om kart og kompass. Turleiarane Torill, Benedicte og Sigrid var minst lika spente. Det er nemleg fyrste gong det vert arrangert kart og kompasskveld for born i Odda/Ullensvang Turlag. Me har leita etter materiale til og halde kurs for born, men det var lite og oppdrive så me laga like godt vårt eige opplegg. Me fant ut at me måtte ta utgangspunkt i at borna ikkje kunne noko særleg om kart og kompass frå før og me valgte og gå gjennom det heilt grunnleggjande i og orientera seg på ett kart. Kompasset fekk dei sjå, men me brukte det ikkje.

Eg har med GPS i tilfelle eg går meg vill. Tage (8)

Me starta med ein teoretisk del der me gjekk gjennom fjellvettreglane, høgdekurver, målestokk, himmelretningar, fargar og symboler og selvfølgelig den raude T-en. Ungane satt som nokon tente lys og fulgte med. Etterpå vart dei delt inn i grupper. Me hadde fått lånt oss kart over Huseskogen og lagt ut 9 postar borna skulle finne, kun ved hjelp av og lese seg fram til det på kartet. Me vart utrulig imponert over kor flinke borna var til og lese kartet og finne fram til postane. Samtlige fant alle postane. Postene inneheldt spørsmål frå teoridelen. Alle fekk utdelt heftet " hm....hvor er jeg nå" , slik at dei kan øve heime.

Foto: Torill opedal Hauge

Me avslutta det heile med tomatsuppa, saft, leik og utdeling av diplomar til alle borna og Turleiarane kunne sei seg fornøyd med vel gjennomført kurs i kart og kompass.

Tusen takk til alle som møtte!

Dette var det verdt og droppe fotballtreningen for. Jonas (9)

Skrevet av Torill Opedal Hauge 21. april 2015