Året som gjekk med Barnas Turlag Ullensvang Aust

Foto: Torill Opedal Hauge

Tenk ett år er gått sidan me starta opp med Barnas Turlag Ullensvang Aust. Me synst me har fått til utruleg mykje fint i året som gjekk og vil med dette takke alle som har møtt på turane og arrangemanga uansett vær og vind.  Me vil gjerne dra fram nokon av høgdepunkta slik at fleire får sjå kor kjekt me har det på tur.

30 oktober 2014

hadde me i Barnas Turlag Ullensvang Aust vår fyrste tur. Det var tre veldig spente turleiarar som ikkje heilt viste kva dei hadde sett i gang og som lurte på om det i det heiletatt kom nokon som ville vera med dei på tur. Der hadde me heldigvis ingenting å frykte. Rundt 100 små og store møtte ved barnehagen i Kinsarvik klare for tur og nye opplevelser. Me fyrte bålpanna så folk kunne grille, me hadde natursti og Turbo kom og delte ut brettekoppar til alle barna.

Turleiarane i Barnas Turlag Ullensvang Aust
Turleiarane i Barnas Turlag Ullensvang Aust
Når ein drar i gang noko nytt er ein jo alltid spent på om det er noko folk vil ta godt i mot. Eg ser jo det at det var ein unødvendig bekymring. Tenk 100 stk på første turen, det er jo bare heilt fantastisk. Torill Opedal Hauge, Turleiar
14 desember 2014

var det den første søndagsturen som stod for tur. Turen gjekk til Galden på Sekse med 20 små og store. Ein bratt og krevjande tur i regn og snø. Alle kom seg til topps og heldigvis hadde me kjøpt inn presenning som me fekk laga om til ein gapahuk for ly mot vêr og vind. Me fyrte bål, grilla og koste oss med både kakao og sjokolade. Store og små fekk skikkelig julestemning med all snøen. Me laga verdens største snøball og rumpereseren gjorde susen i akebakken. Me konkluderte med nok eit vellukka arrangemang og var enda meir klare for og ta fatt på ett nytt år med meir aktivitet i turlaget.



22 januar 2015. Nytt år nye muligheter. Turen gjekk i lysløypa på Lofthus med rundt 50 små og store. Fantastisk vintervær med snø og kulde. Me kunne ikkje fått ein bedre start. Me fyrte bålpanna, folk grilla og me prøvde popcornpanna for fyrste gong. Ein stor suksess om ein skal seie det sjølv. Me hadde refleksrebus, ungane aka og stod på ski, alle koste seg og var einige om at det var nok ein vellukka kveld. Kva er vel bedre med stjerneklar vinterhimmel, kulderoser i kinnet og barn som har tatt ut all energien på leik og morro.

26 mars 2015. Endelig var våren her og me drog til Sekse for å leita etter vårteikn. Rundt 40 små og store tok turen til Kvednaflåt. Me fyrte bål, grilla og koste oss. Me hadde turbingo om vårteikn og jammen fant me både pusekattar, spirer på trea, maur og nokon meinte dei hadde sett ei linerle.

20 april 2015. Kart og kompasskveld i Kinsarvik. Dette var det tydeligvis ingen som hadde gjort før oss. Det fantes veldig lite materiale for bruk til eit kart og kompasskurs for barn, så me laga likegodt vårt eige opplegg. 20 barn fra 2 klasse og oppover ville lære meir om kart og kompass. Me starta med ein teoretisk del der me gjekk gjennom det heilt grunnleggende i å orientere seg på ett kart, me hadde lagt ut ni poster som barna skulle finne ute i skogen ved hjelp av berre kartet og avslutta kvelden med tomatsuppe som me laga på stormkjøkken. Flott innsats og ein kjekk kveld. Sjå meir om kart og kompasskvelden her.
Foto: Torill opedal Hauge
Dette var det verdt å droppe fotballtreningen for. Jonas 9 år, etter ein vellykka kart og kompasskveld
Foto: Torill Opedal Hauge
30 april 2015.

Turen gjekk til Åsen i Kinsarvik. 17 små og store ut på tur på bratt sti der du til og med må holda deg i ett tau for å komma opp enkelte plasser. Flott utsikt hadde me, og på toppen skreiv me oss inn i boka.



10 mai 2015. Søndagstur til Hovden på Lofthus. 30 små og store tok fatt på dei bratte T-merka bakkene opp frå Legena til Hovden. Me hadde natursti på vegen opp. Vel framme på Hovden laga me seljefløyta, koste oss med god mat, nokon tok turen ut på utsiktspunktet der ein ser heile Lofthusbygda, mens andre gjekk litt lengre for å skrive seg inn i boka som ligg i ein postkasse opp mot Munketreppene. Alle barna fekk utdelt turpass og me trekte premie på naturstien. Då skulle me ta sommerferie trudde me.....

10-12 juli 2015. Me har hatt som mål og få til ein fjelltur med overnatting på Stavali Turisthytte og 10 -12 juli 2015 blei dette realisert. 22 små og store gjekk opp den flotte Husedalen. Litt utfordringar med fortsatt mykje snø og store elvar/bekker hadde me, men det vart ein flott tur. Vel framme på Stavali venta Anders og Anna i spenning på besøk frå Barnas Turlag. Torill og Kjetil hadde laga pizza og ungane prøvde badestampen. Lørdagen vart det tur til Lonavatnet for å prøve fiskelukka. Ungane koste seg i bekken, bada i badestampen, me grilla pølser og hadde quiz med flotte premiar på kvelden. Søndagen gjekk turen nedatt til Kinsarvik. Me kunne konkludera med ei særs vellukka helg og me fant fort ut at dette er noko me vil gjere fleire gonger.

12 september 2015 var me invitert til å ha aktivitetar for born i forbindelse med Munketreppene opp. Me hadde lagdt ut geocachar på vegen og hadde masse aktivitetar på Hovden, Turbo og Bamse hadde tatt turen for å helse på. Men kva skjedde egentlig..... Ingen kom.... Me veit ikkje heilt kvifor...Er det dårlig reklame for arrangemanget som gjorde at det ikkje kom nokon? Har folk hørt om det? Skjedde det for mykje på ein gong? Jaja nok om det. Turleiarane og borna deira hadde det kjekt likevel og me vil gjerne vere med ein annan gong og.

24 September 2015 starta me oppatt med kveldsmatturar igjen etter sommerferie og skulestart. Denne gongen var det geocaching som stod for tur. Me hadde lagt ut geocachar i Banelinja i Kinsarvik og 24 små og store vart med på ein heller regfull og våt tur. Me fyrte bål og grilla pølser ved plassen som barnehagen har i skogen.
Godt og komma i gang att.....

Fram mot nytt år:
Fram mot nytt år vert det kveldsmattur på Lofthus der me skal gå rundt Elvadalen. Me fyrer bål og griller på naturleikeplassen.  Vidare vert det julegateopning i Kinsarvik 21 november med aktivitet og morro i Grindaløa. Her vert det og mulighet for grilling før me går fakkeltog og nissemarsj ned Banelinja til sentrum for å helse på nissen. 3 desember vert det kveldsmattur i Kinsarvik. Me kjem til å halde oss i området ved hytta til barnehagen, kanskje får me høyre ei juleforteljing, det vert natursti med premie og aktivitetar. Me er og så heldige at me har fått Cecilie Disselhorst med oss som turleiar framover.


Takk for eit fantastisk år med Barnas Turlag Ullensvang Aust.  Det har gitt oss så mykje, mange flotte og unike opplevelsar og inspirasjon til nye turar i framtida. Me håpar nettopp du blir med oss på tur i året som kjem.

Sigrid, Benedicte, Cecilie og Torill

Skrevet av Torill Opedal Hauge 10. november 2015