KOM DEG UT DAGEN

Foto: Torill Opedal Hauge

7 Februar var det duka for Kom Deg Ut Dagen i Skjeggedal. Kom Deg Ut Dagen arrangeres over heile landet og det var venta at heile 30 000 små og store fann vegen til dei 155 arrangemanga landet rundt. Berre i Hordaland har det vert 13 ulike arrangemang.

Her i Odda/Ullensvang Turlag har Barnas Turlag Odda, Ullensvang Aust og Ullensvang Vest felles arrangemang på Kom Deg Ut Dagen. Denne gongen la me turen til Skjeggedal. Tyssadal Idrettslag v/ skiguppa hadde trakka skiløype til oss og stillte med varmebu og scootertransport, så me fekk opp alt me trengte til den store dagen. Forholdene skulle ligga godt til rette for ein super ski og akedag, men så var det dette veret då. Dagen kom med pøsande regn og veldig våt snø, men turfolk som me er så trossa me veret og fekk ein flott dag likevel. Mellom 50 og 60 små og store blei med på turen. Det vart grilling, slakk line, skigåing, aking, turtipp og moro i snøen. Turbo og Bamse kom og helste på til borna sin store glede og alle borna fekk kvart sitt pannebånd.  Turtippen vart premiert og me hadde vervekampanje til nye medlemmer. Alle som meldte seg inn fekk ein vervepremie. Me fekk 16 nye medlemmer og er veldig glad for at fleire vil vera med oss på tur.

Tusen takk til alle som tok turen, alle frivillige, turleiarar og Tyssedal Idrettslag v/skigruppa

Skrevet av Torill Opedal Hauge 7. februar 2016