Turbotrimmen

Slik ser våre trimpostkasser ut!
Slik ser våre trimpostkasser ut! Foto: Solveig Lomsdal
Barnas Turlag Ullensvang Aust startar opp med "Turbotrim" for born i alderen 0-15 år. Dette er eit gratis tilbod for alle, der måler er å få fleire ut på tur. Dette er eit tilbod både for dei som høyrer til Ullensvang Aust, Ullensvang Vest og Odda. Også dei som ikkje er medlem i turistforeninga er hjarteleg velkomen til å bli med.

Turbotrimmen går ut på at me plasserer ut raude DNT postkasser med bok på ulike stader  slik at borna har eit mål på turen. Alle som deltar får ein deltakarpremie også vert det trekning av premiar for dei som har vore på alle. NB! Berre premiar til borna, men vaksne må og sjølvsagt vere med. Postkassane kjem til å stå ute frå mai til oktober og me tek premieutdelingen på siste kveldsmatturen i desember. Dette er eit gratis tilbod, men det vert påmelding slik at me veit kven og kor mange som deltek. Ved påmelding vil ein få eit deltakarkort der ein skriv navn, alder, adresse og telefonnummer. Ein må og skrive inn turen med dato. For at me skal kunne kontrollere turane må ein skrive seg inn i boka som ligg i postkassen slik at dette stemmer overeins med deltakarkortet. Deltakarkortet må leverast til ein av Turleiarane innan 30 oktober. I fyrste omgang har me 5 postkassar, men om det skulle vere ynskje om fleire vil me vurdere dette etter kvart.

Har de forslag til kvar me kan henge opp postkassane er det berre å ta kontakt. Postkassane kjem til å byte plass kvart år. 

Meir informasjon om kvar postkassane er plassert kjem på facebooksida vår (Barnas Turlag Odda/Ullensvang) og på nettsida etterkvart som dei vert sett ut. Me skal og laga ein turbeskrivelse slik at dei som ikkje er kjende i områda der postkassane står og kan vere med.

Høyres dette kjekt ut er det berre å melde seg på! Det gjere du ved å sende ein epost til opedal_1@hotmail.com eller du kan ta kontakt med ein av turleiarane i Barnas Turlag Ullensvang Aust (Torill, Benedicte, Cecilie eller Sigrid)

Skrevet av Torill Opedal Hauge 28. mars 2016