Turbotrimmen er klar, alle postkassane er komt ut

Foto: Torill Opedal Hauge

Turbotrimmen er no klar til bruk. Alle dei fem postkassane er komt ut i terrenget, så no er det berre å melde seg på og skrive seg inn i boka på dei ulike turmåla. På siste kveldsmatturen i desember vert det trekning av flotte premiar for dei som har klart alle fem.

Turmåla er spredt utover på austsida av fjorden, nermare bestemt i enden på skogsvegen Ringøy/Bjotveit, på Åsen i Kinsarvik, på Kleivane i Husedalen (Kinsarvik), på Hovden på Lofthus og på Galden på Sekse. Fem flotte og varierte turar. Nokon av turene vert og sett opp som sundagsturar slik at om ein er usikker kan ein gå i lag med andre på tur med Barnas Turlag Ullensvang Aust. Fyrste sundagsturen går allerede 29 mai til Kleivane i Husedalen.

For påmelding send mail til opedal_1@hotmail.com , då vil ein få eit deltakarkort som må leverast inn innan 30 oktober for at ein skal vere med i trekninga av premiane. Deltakarkortet må stemme overeins med datoen ein er skriven inn i boka som ligg i postkassane. Alle er velkomne til å delta uavhengig av kvar du bur eller om du er medlem eller ikkje.

Her kjem turbeskrivelsar for dei ulike turmåla:

TURBOTRIMMEN RINGØY/BJOTVEIT

Kjør til Ringøy. Ta av i krysset som er skilta Ringøy Stovetun 0,3. Parker på parkeringsplassen som ligg rett attmed avkøyringa. Gå oppover skogsvegen som ligg på same side som parkeringa. Etter eit lite stykke kjem de til eit vegdele - hald til venstre her. De vil sjå at det går nokon avstikkarar ut frå vegen her og der. Ikkje ta av - hald dykk til den grusa skogsvegen. I enden av skogsvegen finn de postkassa vår. Skriv dykk inn i boka og nyt at målet for turen er nådd. NB! Det er ei postkasse til der oppe, pass på at de skriv dykk inn i rett bok! Vår postkasse er merka med Turistforeningen og Barnas Turlag. Turen tek eit par timar tur-retur. Ynskjer de ein lengre tur er det mogleg å gå oppover Bjotveitdalen på stien som går til Vatnasete. Det kan vera greit å ha med seg ei vassflaske på lur sjølv om det sildrar i fleire bekkar undervegs.

God tur!

TURBOTRIMMEN ÅSEN I KINSARVIK

Ta av frå hovudvegen opp mot Huse. Følg vegen oppover og ta av og følg Grytingsvegen opp til barnehagen. Parker på parkeringsplassen ved barnehagen i Kinsarvik (etterkvart vil det verte den gamle barnehagen, ettersom me får ny frå skulestart av) Gå opp forbi barnehagen og ta til høgre i vegkrysset. På venstre side av vegen vil du snart sjå eit ”Turbotrimmen 2016 merke” på ei bjørk inntil vegen. Følg stien innover i skogen. På turen vil de passere leirskulen sin zipline/lavvo. Stien går vidare oppover i skogen til eit litt bratt parti. Her er det laga til eit tau å halda seg i for å lette manøveren opp. Stien svingar seg så oppover til de kjem til eit gjerde. Vel over her, fortset turen oppover eit berg. På toppen av berget vil de finne målet for turen, Turbotrimmen si raude postkasse! På Åsen er det også ei anna postkasse eit stykke frå vår postkasse, husk å skrive dykk inn i riktig postkasse. Vår postkasse er merka med Turistforeningen og Barnas Turlag. Ynskjer de å gå ein rundtur kan de fortsetje på stigen eit lite stykkje forbi Turbopostkassa. De vil møte på ein skogsveg som fører ned att til eit kraftverk og industriområdet på Huse. Hald til høgre når de kjem ned att forbi vegbommen. Då vil de komma attende til turens startpunkt. Turen har ein varighet på 1,5 – 2 timar i gåtid. Ta med vatn!

God tur!

TURBOTRIMMEN KLEIVANE HUSEDALEN

Ta av frå hovudvegen i Kinsarvik og kjøyr opp mot Huse. Følg vegen innover mot Air Lift og ta av på grusveg inn til Kraftstasjonen. Parker ved kraftstasjonen. Herfra følger ein stien oppover langs røyrgata på T-merka sti. Det er også hengt opp skilt med Turbotrimmen på. Frå toppen på røyrgata går ein stien vidare innover i skogen på T-merka sti mot Nykkjesøy. Ein flott tur oppover langs elva, flotte fossar og mektig natur. Nykkjesøy er heimstølen til gardane på Huse. Her står to flotte hytter. Her er også eit kommunalt toalett som er opent i sommarsesongen. Vidare går turen oppover dalen mot den fjerde og siste fossen. Følg T-merka sti oppover Kleivane til du ser den raude postkassen. Heile turen tek ca 3-5 timar i gå tid. Ta med drikkeflaske, her er gode muligheter til å fylle flaska etterkvart.

Det er også mulig å følge grusvegen oppover. Grusvegen går nesten til Nykkjesøy og har god utsikt. Me vil anbefale å gå stien oppover for å komma nermast mulig dei flotte fossane og heller gå vegen nedatt.

God tur!

TURBOTRIMMEN HOVDEN PÅ LOFTHUS
Ta av fra hovudvegen anten ved Kyrkja eller ved Trimstova kjøyr opp til Veisane Barnehage på Legane. Parkering ved barnehagen. Følg så vegen vidare oppover til toppen av byggefeltet, forbi eit eldhus og videre oppover på traktorveg. Ca 50m oppe i traktorvegen tek ein til venstre opp på T- merka sti. Følg dei raude T-ane og skilta me har hengt opp med Turbotrimmen Hovden på. Følg stien vidare til du kjem ut på traktorvegen att. Her kryssar ein vegen og går inn på stien som går vidare til Hovden. Følg fortsatt T-merka sti og skilt for Turbotrimmen Hovden. Når du kjem til topps på stien står det skilt med Hovden på. Følg stien som går mot det gamle huset som står på enga. Nytt skilt med Hovden på. Ta av inn i granskogen og følg stien vidare, her kan det vere litt stygt å gå nokon plassar så pass på ungane. Gå oppover og følg skilta for Turbotrimmen Hovden. På toppen er målet nådd og ein vil sjå den raude postkassen. HOVDEN ER EIT UTKIKKSPUNKT! DET ER RETT UTFOR, SÅ PASS GODT PÅ BARNA! Heile turen tek ca 2 1/2 - 3 timar i gåtid. Ta med vatn! Om ein vil kan ein gå rundtur og komma nedatt på Eidnes. Då går ein nedatt til det gamle huset på enga og tek til venstre vidare bortover til ein kjem ut på ein traktorveg og følger vegen eller T-merka sti ned til Eidnes. Då kan det vere lurt å ha bil på kvar plass. Ein kan og fylgje stien videre frå det fyrste skiltet ein kom til som sto Hovden og gå oppover til Munketreppene og Nosi. Det er ein noko lengre tur, men ein veldig flott tur

God tur!

TURBOTRIMMEN GALDEN PÅ SEKSE

Ta av fra hovedveien (Rv 13) på Sekse og parker på parkeringsplassen ved siden av grendehuset.

Følg veien som går oppover. Du skal helt opp på toppen. Når du er komt opp på toppen ved en stor rød løe på venstre side så er det merket med skilt til Galden og Turbotrimmen. Her kan du velge om du vil gå til høyre eller venstre, for begge veiene fører opp til Galden.

Veien som går til venstre er brattest så om en vil ha en rundtur så kan det anbefales å gå opp denne veien og komme ned den andre veien. Veien til venstre går et stykke på traktorvei før en går inn på stien opp gjennom skogen. Det er merket med skilt hvor en skal gå inn i skogen. Veien til høyre går over beiter hvor en kan møte på dyr (sauer).

Postkassen henger ved stien rett før du kommer til Galden, så om du har tatt veien til høyre opp så må du gå et halvt minutt bort på stien som fører til skogen. Her er også en annen postkasse, husk å skrive dere inn i riktig postkasse. Postkassen vår er merket med Turistforeningen og Barnas Turlag.

Når en går på stien som er til høyre for startpunktet så må en huske å LUKKE grindene eller bruke grindetrappene.

Hele turen tar ca. 2,5 - 3,5 timer i gåtid fra parkeringsplassen nede på Sekse. Ta med vann.

Husk å nyte utsikten underveis!!

God tur!