I helga var det dugnad på Mosdalsbu

Foto: DNT UNG Odda/Ullensvang

I helga var det storslått vaskedugnad i regi av DNT UNG gruppa på Mosdalsbu. Hytta er rydda og vaska og det er komt nye madrasser og reint sengetøy på alle senger. Hytta er no klar for besøk og me ynskjer både medlemmer og andre velkomen til fjells. Takk til Håvard, Irene, Arild, Trond og ungane for god innsats og flott dugnadsarbeid.