Natt i naturen

Foto: Bilde hentet fra internett

I forbindelse med Kom Deg Ut dagen og Friluftsveka 2016 arrangerer Barnas Turlag Ullensvang Aust og X-ung gruppa Natt i naturen ved båthavna i Kinsarvik frå kl 1800 lørdag 03 september. ARRANGEMENTET ER GRATIS OG OPENT FOR ALLE. DET VERT PÅMELDING GRUNNA MAT OG OVERNATTINGSPLASS!!!

Me sett opp lavvoar/telt og lagar felles måltid på kvelden. Me kosar oss med ulike aktivitetar og spel. Det vert felles frokost på søndag morgon også gjere me oss klare for Kom Deg Ut dagen.

Ta med: Sovepose, liggeunderlag, kopp, fat, bestikk, hodelykt, varme kle og det du ellers treng for ei overnatting.

Dei minste må ha ein vaksen med seg. Barn over 10 år må ha ein ansvarleg vaksen. Med ansvarleg vaksen meiner me at de avtaler med ein av turleiarane eller ein annan vaksen som skal vere med på overnattinga. Ein vaksen kan ha ansvar for fleire barn. Ta kontakt dersom de lurer på noko.

Påmelding til Benedicte tlf 95809667, Sigrid tlf 97173573 eller Torill tlf 46668740

Skrevet av Torill Opedal Hauge 24. august 2016