X-ung på Brevandring til Juklavassbreen

Søndag 28 august blei fyrste turen til den nye turgruppa vår X-ung arrangert. X-ung er for dei mellom 10 og 15 år i både Odda og Ullensvang. Me kjem til å setta opp kjekke og varierte aktivitetar som skal fenga ungdommen og få dei meir ut i naturen.


Fyrste turen var brevandring på Juklavassbreen på Folgefonna. 17 spente deltakara møtte i sentrum av Jondal før me kjørte samla opp vegen til sommarskisenteret. Vegen opp var i seg sjølv ein opplevelse med høge fartsgrenser tatt vegstandarden i betrakting og dyr av ymse slag midt i veibanen, men etter å ha jaga både kyr og sau kom me fram heile gjengen. Vel framme var det på med utstyr og me fekk god info om turen før me starta. Sele, stegjern, tau, hjelm og isøks er standardutstyr på ein slik tur. Me starta med å gå ca 200 høgdemeter opp skibakken og hadde ein liten matpause før me gjekk ut på isen. Ute på isen er det utrulig mykje å sjå på. Store bresprekker  me måtte gå over, isbrønnar me fekk sjå ned i , istunnellar me fekk gå gjennom og enorme bresprekker dei kalla panoramaveggen. Ein utrulig spennande og kjekk tur med kjempe flinke breførera som kom med gode historiar og tilpassa turen til gruppa dei hadde med seg. Etter turen vart alle invitert til Sigrid (turleiar) på pølser og brød før heimreise.

Me vil takka Folgefonnibreførarlag for ein super tur. Me kjem garanter til å sette oppatt turen, sikkert allerede til neste år. Detta var utrulig kjekt.

Skrevet av Torill Opedal Hauge 11. oktober 2016