Kom deg ut-dag i Hovden

Foto: Ingebjørg Eitrheim Nondal

Søndag 1. februar var det den store Kom deg ut-dagen! Barnas Turlag Odda/Ullensvang inviterte til Kom deg ut-dag på friluftsleikeplassen i Hovden denne gongen. Godt over hundre små og store deltok på arrangementet. Tusen takk til alle som var med!

Det var ein strålande vakker vinterdag, med fem blå på gradestokken. Deilig februarsol gløtta fram mellom tretoppane. Vi inviterte til leik i skogen, bål, slakk line og natursti.

Barnas Røde kors demonstrerte hjarte- og lungeredning, og viste korleis skredsøkarar fungerer. 

Turbo og den foreløpig namnlause bamsen tok også turen.

Har du lyst til å melde deg inn i turlaget? Medlemskap for barn kostar berre 120,- i året, og gir fleire medlemsfordelar. Bli medlem! 

Fakta

Kom deg ut-dagen blir arrangert over heile landet kvart einaste år, ein gong om hausten og ein gong om vinteren.