Eidesnuten – Ruklanuten – Tokheimsnuten

Fellestur

Dato
14. juli kl. 10:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne, Ungdom
Arrangør
Odda/Ullensvang Turlag
Dette arrangementet er over!

Turen byrjar i Eidesåsen (ca 400 moh) og fylgjar stien opp til Eidesnuten (903  moh). Deretter vil ein gå på kompasskurs frå Eidesnuten til Ruklenuten. Ein vil gå i viddaktig terreng utan sti i fleire kilometer før ein når Ruklenuten. Vidare fylgjer ein ryggen ned til nedre del av Stølanut før ein byrjar på stigninga til Tokheimsnuten. Turen avsluttas med nedstigning frå Tokheimsnuten til Egnehjem.

Oppmøte: Eidesåsen

Pris: kr 100 for medlem og kr 200 for ikkje medlem. Ver snill å betale til kontonr 3658 30 85852 ved påmelding, slik at turleiar ikkje vert belasta med ekstra arbeid. Merk innbetalinga med "DNT Tur og dato".

Påmelding: Av tryggleiksgrunnar ynskjer me at de melder dykk via nett. Trykk på knappen "Meld deg på" og følg vidare instruks. Dersom du av ulike årsaker ikkje har moglegheiten til dette, kan du ta kontakt med turleiar eller sende ein e-post til odda-ullensvang.turlag@dnt.no

For spørsmål om turen kontakt turleiar Sindre Måge tlf: 99466959

Me tek atterhald om ver og føreforhald. Turen kan verta avlyst på kort varsel. Er du ikkje medlem, kan du melde deg inn her https://www.bergenoghordalandturlag.no/medlem/

 

 

 

Kontaktinformasjon: