Dronningstien

Fellestur

Dato
30. september 2018 kl. 10:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne
Arrangører
Odda/Ullensvang Turlag, Bergen og Hordaland Turlag
Dette arrangementet er over!

Dronningstien eller "Dronning Sonjas panoramatur" går opp til 1100 meters høgde i fjellet mellom Kinsarvik og Lofthus. Med utsikt innover Sørfjorden og over til Folgefonna, her har du moglegheiten til å gå dei berømte "Munketreppene".

Transport og parkering: Oppmøte ved butikken i Lofthus-sentrum kl 1000. Herfrå fyller me opp nokon bilar og køyrer ut til Røte ca 6 km der turen startar. Nokon bilar vert ståandes att på Lofthus slik at me får henta bilane på Røte etter turen.

Turen: Dei siste 20 åra har denne turen blitt ein av dronninga sine favoritter som ho ofte går når ho kjem til Hardanger. H.M. Dronning Sonjas turløype begynner på Røte («Velteplassen»), 6 km nord for Lofthus, eit stykke oppe i lia. Frå parkeringsplassen fortset du på traktorvei opp til Heng og Hardangervidda, 890 moh. Herfrå følgjer me dei blå D-ane som turen er merka med. På turen er det fleire flotte utkikkspunkt. Turen går forbi et par små vatn, kryssar trekket til hjort og elg ved Ulvskjaft, og fortsett opp til Duk, der det står en svær steinvarde. Rett før nedstigningen starter, gjer løypa en kraftig sving ved Rjukande. Der fossar elva forbi i ei smal kløft, rett før den kastar seg utfor fjellkanten utenfor synsvidde frå stien. Så vender du nasa nedover og bort frå vidda, går forbi landemerket Nosi og kjem etterkvart til dei kjente "Munketrappene" som skal ha blitt laga av lokale cisterciensermunker frå år 1210 til 1537. Vidare går turen langs sti og etterkvart på traktorveg og veg som svingar seg ned mot bygda. Du kan også følge den T-merka stien som går gjennom skogen. http://www.ut.no/tur/2.5368/ Turen er ca 16,2 km og me reknar med å bruke frå 6-7 timar på turen.

Frå Røte og oppover ca dei 4 første timane er det lite vatn og finne, så alle må ta med godt med drikke, god niste, kle etter været og godt hummør.

Pris: kr 100 for medlem og kr 200 for ikkje medlem. Ver snill å betale til kontonr 3658 30 85852 ved påmelding, slik at turleiar ikkje vert belasta med ekstra arbeid. Merk innbetalinga med "DNT Tur og dato".

Påmelding: Av tryggleiksgrunnar ynskjer me at de melder dykk via nett. Trykk på knappen "Meld deg på" og følg vidare instruks. Dersom du av ulike årsaker ikkje har moglegheiten til dette, kan du ta kontakt med turleiar eller sende ein e-post til odda-ullensvang.turlag@dnt.no

For spørsmål om turen kontakt turleiar Asbjørn Vikane tlf: 53661300

Me tek atterhald om ver og føreforhald. Turen kan verta avlyst på kort varsel. Er du ikkje medlem, kan du melde deg inn her https://www.bergenoghordalandturlag.no/medlem/

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Asbjørn Vikane