Påsketur på Hardangervidda

Fellestur

Fra dato
24. mars kl. 09:00
Til dato
27. mars
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne
Arrangører
Odda/Ullensvang Turlag, Bergen og Hordaland Turlag
Dette arrangementet er over!

 

TUREN ER AVLYST!

 

 

 

 

Meld deg på og bli med på denne flotte turen over Hardangervidda. Me startar på Dyranut og går via Sandhaug, Litlos og Hellevassbu til Haukelidsæter Fjellstove. Ein nydelig tur i forholdsvis flatt og lett terreng, flotte hytter og mykje morro på turen.

Transport og oppmøte: Det vert felles busstransport frå Odda til Dyranut kl 0900, med mulighet for påstiging mellom Odda og Eidfjord.

Laurdag: Me startar turen på Dyranut og går Bjoreidalen inn til Sandhaug. Terrenget er flatt og fint, og me reknar med å buke ca 5 timar på turen. På Sandhaug får me servert tre-rettars middag og kosar oss utover kvelden. http://www.ut.no/hytte/3.1757

Søndag: Me et frukost og smører niste før me tek til på den lengste etappen på turen. Terrenget her er litt kupert i starten men ellers foholdsvis flatt og fint. Me reknar med å bruke ca 8 timar på turen inkludert pausar. På Litlos får me servert tre-rettars middag og kosar oss utover kvelden. http://www.ut.no/hytte/3.1972

 

 

 

Mandag: Me et frukost og smører niste før me set nasen mot Hellevassbu, turens einaste sjølvbetjente hytte. Terrenget er forholdsvis flatt og fint, men litt stigning mot slutten. Me reknar med å bruke ca 5 timar på turen. På Hellevassbu lagar me middag frå hyttas proviantlager og kosar oss utover kvelden. http://www.ut.no/hytte/3.1974

Tysdag: Me et frukost og smører niste før me tek til på turens siste etappe. Terrenget er forholdsvis flatt og fint med litt utforkjøyring på slutten ned mot Haukeliseter. Me reknar med å bruke ca 6 timar på turen. Vel framme ved Haukelisæter tek me sikte på å ta Haukelidekspressen nedatt til Odda. Dersom det vert tid til det medan me ventar på bussen, er det då mogleg å kjøpe middag på Haukelidseter Fjellstove. Dette kostar eventueltt kvar enkelt sjølv.

Pris: Pris: kr 2600  for medlem og kr 3300 for ikkje medlem. Transport kjem i tillegg og vert fordelt på antall deltakarar. Dette inkluderer overnatting på Sandhaug, Litlos og Hellevassbu. Middag og frukost m/niste på hyttene samt turavgift. Faktura vert sendt ut i etterkant av turen. 

Påmelding: Av tryggleiksgrunnar ynskjer me at de melder dykk via nett. Trykk på knappen "Meld deg på" og følg vidare instruks. Dersom du av ulike årsaker ikkje har moglegheiten til dette, kan du ta kontakt med turleiar eller sende ein e-post til karefroystein@gmail.com

Anna info: Alle må ta med sovepose og handduk om ein vil dusje.

Utstyrsliste for vinterfjellet finn du her http://www.bergenoghordalandturlag.no/ustyrsliste-vinterfjellet

Dersom nokon har vindsekk og eller spade er det fint om dei kan informere turleiar om dette.

Spørsmål kan rettast til turleiar Kåre Frøystein tlf. 48253524. Det vil kome ein turleiar til når det nærmar seg turen.

Me tek atterhald om ver- og vermeldingar. Turen kan verta avlyst på kort varsel. Er du ikkje medlem, kan du melda deg inn her http://www.bergenoghordalandturlag.no/medlem

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Kåre Frøystein